| På denne sida kan du som politikar og veljar i Gloppen legge ut innlegg, saker og bilete, og registrere politiske arrangement som skal skje. Du kan også kommentere og debattere det andre har lagt ut. Sida er oppretta av firda.no og Firda for å dekkje det brukarskapte innhaldet frå valkampen, og det som vert lagt ut her kan bli brukt i Firda og på firda.no. Dei som ønskjer innlegg frå valkampen i Gloppen på trykk i papiravisa, må publisere innlegga sine her.
Mangfald og vekst i GloppenDet er viktigare enn nokon gong å sikre mangfald, god integrering og eit godt fellesskap i Gloppen. Ved å ta godt i mot flyktningar og andre innflyttarar – kan Gloppen verte ein endå betre stad å bu. Både for oss som bur her i dag, og for dei som kjem flyttande. Det viktigaste integreringsarbeidet vi kan gjere er å sikre god språkopplæring, barnehageplassar og arbeidsplassar. Gloppen opplæringssenter gjer eit godt arbeid i opplæring i norsk, i tillegg til opplæring i det viktigaste basisfaga som gjev ungdomsskulekompetanse. Barnehagane gjev barnehageplass til dei som søkjer. Så då er den store utfordringa å skaffe arbeidsplassar. Her kan kommunen som arbeidsgjevar gjere mykje. Det står allereie på dagsorden i kommunen, men det er avgjerande å få fleire i arbeid. Enten i språkpraksisplassar, kommunale praksisplassar eller som meir ordinær arbeidskraft. Samfunnsdemokratane for folk flest.Det er utruleg å følgje argumentasjonen i helsedebatten etter innslag på TV2 i går. Ord som, “følelsar overstyrer fornuft” når det einaste vi ber om er mulegheiter til ei verdig helseteneste i nokelunde nærleik av der vi bur og arbeider og skaper store verdiar som fellesskapet tener på. Matprodusentane i Gloppen sine "små" ynskjer kan imøtekomast.Etter ein landbrukspolitisk debatt i Trivselshagen på Sandane i regi av bondelaget har eg sett meg i tenkestolen for og gruble over problemstilling og spørsmål som kom fram i debatten. Eit viktig spørsmål frå denne viktige næringa var om vi som politikarar ville kunne støtte tanken om at deler av næringsfondet kunne brukast til støtte ved oppkjøp av melkekvoter. Eg kjem til at dette i grunn er ein god ide` som ein lyt arbeide vidare med for og kvalitetssikre at det bl.a. ikkje er konkurransevridande. Er det ikkje det, kan eg gå for slik støtte med eit øre-beløp pr. liter melk. Etter og ha undersøkt dette med kontakter eg har, kjem det fram at liknande støtte er vedteken i program i andre kommunar og det forundrar meg her at SP har gått i mot i nokre utan at eg veit kvifor. Plan B?Dei regjerande har laga plan, i 12 punkt, då skal alt bli bra. Skal vi la oss lure eller ta styringa? Bruk røysteretten din!På torsdag blir det eit annleis valmøte for ungdom. Då er alle invitert til eit kafemøte i Trivselshagen. Stortingsrepresentant Gina Barstad
frå SV kjem. Ho sit i kulturkomiteen og var berre 22 år då ho kom inn på Stortinget og ho vil mellom anna svare på spørsmålet: Kvifor treng politikken ungdom?
Dessutan vert det fleire appellar. Av dei som har sagt ja til no er Unge Høgre, Firda Målungdom, Natur og Ungdom, Senterungdomen og AUF. Og kanskje vert det endå fleire som tek ordet. Deira utfordring er å fortelje kvifor skal unge folk bruke røysteretten sin, og kvifor skal unge folk i det heile teke engasjere seg i samfunnet vårt. Så blir det kulturinnslag og super-enkel servering. Det er Gloppen SV saman med andre politiske vener som står bak tilskipinga og dei vonar mange tek turen innom på kafemøte på torsdag. Kraftutbygging i Breim er med på og sikre framtida for mange bruk.Høgre burde etter kvart i Gloppen vere kjent som eit parti som ynskjer og støtte gardbrukaren sine tankar og idear om inntektsauke i landbruket ved hjelp av resursar tildelt frå naturen si side. Mange har fått høve til å utnytte resursar som ligg i vassdraga og dette er miljøvenlege inntekter. Det store spørsmål i nærmiljøet er kva ein skal meine om deponi/bruk av dei store massene ein hentar ut i frå tunellane. Eg er trygg på at utbyggarane tenkjer alternativt og vonar at dette kan kome tydelegare fram i vidare arbeid som til slutt skal føre til eit vedtak hjå politikarane i Gloppen. Storeelva kan etter ei vedteken utbygging, ligge like brei som i dag med mindre vassføring og vere eit synleg prov på kva konsekvensar ei utbygging har. Mitt forslag er at utbyggar legg fram ein plan korleis denne elva kan framstå i ein ny versjon som blir tilgjengeleg og spanande med flotte fiskehølar og innbydande gangstiar langs elva til stor glede for lokale og tilreisande fiskarar. Kulturskule for alle - har vi råd å la vere?Regjeringa si målsetjing for kulturskuletilbodet er eit ”kulturskuletilbod av god kvalitet til ein rimeleg pris, for alle barn som ønskjer det”. Opplæringslova slær fast at ”alle kommunar skal, åleine eller i samarbeid med andre kommunar, ha eit kulturskuletilbod til barn og unge, organisert i tilknyting til skuleverket og kulturlivet elles”. Det er vidare etablert ei felles forståing for utviklinga av kulturskulane som lokale ressurssenter, og at det er eit lokalt ansvar å legge til rette for gjennomføringa av dei overordna føringane. Uaktuelt med utbygging av StorelvaRaudt Sogn og Fjordane deler synet til dei som har uttala seg mot utbygginga pga. dei naturinngrepa dette vil innebere. Utløpet av Storelva i Breimsvatnet representerer ein naturtype, eit elvedelta, som etter kvart er svært få igjen av. Også generelt er det grunn til å peike det tapet elles av naturlandskap og dermed opplevingsverdi. Vi har også registrert den bekymringa som er for fiskebestanden i vassdraget. Partiet vil utifrå dette gå mot den store utbygginga som er foreslått. Fylkesbåtane (Fjord1)Samfunnsdemokratane vil kjøpe tilbake fylkesbåtane, og få flagget til topps igjen! Kreftene og arbeidsstyrken vår må nyttast til verdiskaping og gode tenester i Sogn og Fjordane. Samfunnsdemokratane på Fylkestinget• Motverke sentralisering. • Byggje og vedlikehalde infrastruktur Kva blir att av Sogn og Fjordane når kjøttvekta skal råde?http://www.de-facto.no/bilder/090615OrtopediplanenforHelseForde2.pdf Samfunnsdemokratane skulle ønskje alle Sogn og Fjordingar ville lese de-facto-rapporten (som ligg i linken over her) og sjå kva som heile tida har vore planen med helsetilbodet i Sogn og Fjordane, tross fine formuleringar i Soria Moria. Dette er nok det næraste vi kjem fakta i helse-saka. HelsetenesterVAKN OPP SOGN OG FJORDANE! Tankar kring dei pågåande raseringane av helsetenester ved Nordfjord Sjukehus. Vinn ei oppleving utanom det vanlege.I år som for fire år sidan har *Gloppen Høgre *ein fin premie i vår uhøgtidelege spørjeleik. Premien i 2007 var eit 150 kg tungt lafta utebord og i år kan premien bli like tung. Det er opp til deg dersom du jaktar hjort. 1. kandidat, Sjur Atle Austrheim inviterar deg og ein ven med på hjortejakt rett vest ved Stadt i godt vald med storbukkar. Jakthelg til hausten tilpassar vi vinnaren. Du treng ikkje vere jeger sjølv men oppleve spenninga med denne jakta. Premien har ein verdi på kr 5000,- Du må vere gammal nok til å gå til urna på valdagen, stemmeberettiga i Gloppen og ikkje stå på nokre av dei politiske partia sine lister til kommunevalet. I tillegg må det vere deg som blir trekt ut som vinnar. Dersom du ikkje likar jakt men heller kose deg heime med hjortekjøtt, er alternativet 1/2 hjort levert heim til deg i Gloppen. Besøk oss på ei stand i Hyen, Byrkjelo eller Sandane. Dette vil bli annonsert i pressa. Om å bry seg - og om å ikkje bry seg.....Ofte kan det være strevsomt å bry seg. Du blir kalla kranglefant – og “har du nåke med ditta å gjere då?”. Mi historie starta i 2003 (8 år sida) – Eg sende brev til kommunen og til utvalde leiarar i partia. Det handla om trafikksikkerhet og frisiktssoner på kommunale tomtar (og sjølvsagt andre). For dei som ikkje heng heilt med – er frisiktssoner – eit felt/område på tomta du ikkje kan plante “kva du vil”. Hugsar eg ikkje feil var max høgda 60cm (f.eks hekk eller mur). I brevet mitt påpeika eg at kommunen burde gjere noko med dette. Fekk aldri svar. I fjor vår “trappa eg opp” på heradshuset og minte sentrale personar på dette. Dei ville sjå på det. Ingenting skjedde. I haust gjorde eg det same. Ikkje mykje reaksjon då heller – borsett ifrå at “vi var enige”. Om og når det skjer ei alvorleg ulukke – der noko av årsaka er mangel på synsfelt for dei trafikkerande… kan ihvertfall ikkje “kommunen” sei at – dette var vi ikkje klar over. Nedafor ei kartoversikt ifrå 1983 – Dei to huseigarane som eig desse to tomtane (dersom nokon kjenner seg igjen) har alt på det tørre. God sikt og ryddige tomtar. Men det er mykje ugjort rundtomkring. Eg får ta støyten på at eg bryr meg. Det er ofte strevsomt å bry seg. Men det bryr eg meg ikkje om :-)
Hugs å handle heime!Laurdag 2. juli er det den nasjonale Hugs å handle heime-dagen. Det vil bli servert kaffi, kaker og vaflar i dei lokale butikkane over heile landet. Dette er for å markere kor viktig desse nærbutikkane er for lokalsamfunna, og kor viktig det er at lokalsamfunna handlar lokalt. Utan butikk vert bygda mindre attraktiv for folk som vil busetje seg der. Butikken kan ha positiv innverknad på framtidsutsiktene for ei bygd. Det vert meir attraktivt å bu i bygda når fleire sørvistilbod blir tilgjengeleg. Og det ikkje tvil om at det meir miljøvennleg å handle lokalt, enn å stadig køyre fleire mil for å gjere handel. Ope brev til rektorane på vidaregåande skular i Nordfjord:Høgre vil farge Nordfjord blått! *Her er ei utfordring! * Det var det! Avsluttande kommunestyremøte for valperioden 2007 - 2011.
Svært tydeleg trong for eit vist vedlikehald!
Bileta syner presenning på taket ved Gloppen Ungdomsskule
samt bilete av det avstengde formingsbygget p.g.a. råte.
Eg føler sterk trong for å kome med kommentarar til nokre vedtak som blei fatte i dette siste kommunestyremøte i denne valperioden. Høgre blei av SP representant frå Reed i Breim skulda for å ikkje tenkje utvikling i dette området. Eg blir skuffa fordi vi i Høgre tidlegare har gjeve uttrykk for at alle i kommunen vår skal få goder og tilrettelegging for aktivitetar og bulyst. Kommunen si økonomiske stode opptek truleg meg og mitt parti meir enn i alle fall SP og for Høgre er det slik at sunn økonomi i drifta avspeglar dei tenester vi skal og kan tilby glopparane. Utfordringar og vegval i Gloppen kommune
Eg har teke meg tid til å lese gjennom tidlegare innlegg eg har hatt både i pressa og i kommunedebattar og er vel litt overraska over kor mykje tid det har gått med til å få til vedtak som eg trudde skulle vere framtidsretta og ville hatt økonomiske konsekvensar med positivt utfall for kommunen vår. Det er stor takhøgde i Høgre og pisk er ikkje teme i våre gruppemøter. Svært sjelden er vi ustemte og vi har alltid sakleg diskusjon i forkant av vedtak som skal fattast. Største saka eg har vore med på er utan tvil saka om skulestrukturendring. Administrasjonen teikna eit dystert bilete av kommuneøkonomien og det måtte sparast vel 14 mill. på drifta. Robek var eit reelt trugsmål. Alle hugsar den oppheta debatten som raste i bygdene rundt Gloppenfjorden og i Breim og såra har ikkje heilt grodd. Vi ser og i tida etter skulesamanslåing at mange saker som skal til handsaming i formannskap, utval og kommunestyret. i tekstdel fortel om store økonomiske utfordringar på drifta. Ta grep om valkampen i Firda
I år er det igjen duka for kommune- og fylkestingsval, og Firda ønskjer deg velkommen til vår valsatsing på nett og papir. Les meirVal 2011 Gloppen
Følges av 30 medlemmer.
Val 2011 Gloppen er Firda og firda.no sin inngangsportal til det brukarskapte innhaldet for kommunevalet i Gloppen. For å bidra må du bli medlem av sona. Alt innhald frå denne sona kan bli nytta av Firda og firda.no. Mer om sonen Val 2011 Gloppen er en sone på Origo. Les mer Annonse | |||||||||||